Søknadsfristen gjekk ut 1. mars og sjølve opptaket vart gjennomført 3. mars i møte mellom styrarar og rådgjevar barnehage.
Søknadstal:
- Det kom inn i alt 66 søknadar. Av desse var det 59 "nye" barn, medan 7 hadde plass i barnehage frå før og ønska overføring til ein annan barnehage.
- 59 søknadar for "nye" barn er 4 færre enn ved hovudopptaket i 2022, men 6 fleire enn i 2021.
- Av dei 59 søknadane for "nye" barn var det 11 som hadde adresse utanfor Sykkylven kommune. Tilflyttarane kjem frå Oslo, Bergen, Trondheim, Molde og Ålesund.
Prioriteringar:
Søknadane fordelte seg slik (gjeld 1. prioriteringar)
Med unntak av tre tilfelle viser alle søknadane samsvar mellom val av barnehage og postnummer til familien (6220, 6222, 6224 eller 6230). Dette tyder på at nærleik til bustad er den viktigaste faktoren for val av barnehage.
Seks av barna som det vart søkt plass for ved hovudopptaket har ikkje lovfesta rett til plass. Dette fordi dei er fødd etter 30.11.2022.
Tal på innfridde ønsker
Foreldre/føresette kan søkje plass ved fleire barnehagar i prioritert rekkefølgje. Av dei 66 søkjarane fekk heile 53 innfridd sitt ønske etter 1. prioritet, medan 8 fekk innfridd sitt ønske etter 2. prioritet. To av barna som allereie har plass i barnehage fekk ikkje innfridd sitt ønske om overføring til annan barnehage. For tre av barna vil ein vente med å gi tilbod fordi foreldra ikkje ønsker oppstart før i 2024.
Ingen av søkjarane har klagerett ettersom alle fekk innfridd sine ønsker etter 1. eller 2. prioritet (jf. lovforskrift). Av dei åtte som måtte ta til takke med 2. prioritet var det fire som hadde Tryggheim på 1. prioritet og fire som hadde Krikane på 1. prioritet. Lista over ledige plassar etter hovudopptaket blir kunngjort etter føresette sin svarfrist på tilboda er ute.