Koronaviruset

06.04.2020 08.15

Samordning Korona - mellombels eining

Samordning Korona - mellombels eining

Kommunen har etablert ei mellombels eining (Samordning Korona) som vil få ansvar for å disponere og samordne ledige personalressursar frå oppvekst og kultur over til andre kommunale oppgåve.

Klikk for stort bilete 

Det kan vere arbeid knytt til institusjon, transport, praktisk arbeid, matlaging, reinhald m.m.

Barnehage og skule kan frigjere noko av personalet som ikkje er knytt til heimeundervisning og tilsynstilbod, slik at dei kan bidra til å frigjere helsepersonell til primæroppgåvene dei har.

Fagorganisasjonane har stilt seg bak denne samordninga og det har vore eit nært samarbeid mellom dei og kommuneleiinga i arbeidet med å opprette gruppa.. Kommuneleiinga har gjort avtale om at Steinar Klokk og Morten Oksavik skal ta seg av koordinering av personell mellom oppvekst/kultur og andre einingar. Dei har knytt til seg Turid Wenche Taraldset, Vivian Borgundvåg og Monica Hjelmevoll i arbeidet vidare. I tillegg til dei tilsette har gruppa også knytt til seg kontaktnettverk knytt til Frivilligsentralen.

Folk er i utgangspunktet positive og tar på seg oppgåver som dei kanskje ikkje gjer til dagleg, og gruppa opplever ein positiv respons når vi tek kontakt for å gi oppdrag. Det blir gjort restriktive vurderingar rundt helse og smittefare.

Gruppa har base på kulturhuset.

Vi ser at den situasjonen vi er inne i, kan bli langvarig, og har eit langsiktig perspektiv på arbeidet.