Sei meininga di!

Sykkylven kommune skal lage ny kommuneplan - samfunnsdelen. 

Les om status og utfordringar under SYKKYLVEN2030 på heimesida.

Sei kva du meiner kommunen bør prioritere. Bruk moglegheita som ligg på heimesida under Sei meininga di.  

Delta i spørreundersøkinga om berekraft  som elevar ved Sykkylven vgs 1ST1 gjennomfører på facebook. 

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

Samfunnet endrar seg stadig. Ny utfordringar kjem i fokus, og kommunen må bu seg på forventa endringar. For Sykkylven er det særleg folketalsutvikling og alderssamansetting.som kan bli dei store utfordringane. I tillegg er berekraft blitt eit heilt sentralt begrep når ein skal planlegge framtida.

Samfunnsdelen i kommuneplanen skal peike ut mål og strategiske grep for å møte desse, og andre utfordringar, på ein best mogleg måte. 

Gode innspel frå engasjerte innbyggarar er viktig.