Koronaviruset

18.05.2020 11.49

Skulane opnar opp igjen denne veka

Skulane opnar opp igjen denne veka

Regjeringa har no bestemt at alle elevar i grunnskulen skal begynne igjen på skulen i løpet av denne veka. Kvar enkelt skule og kommune skal planlegge korleis opninga av alle trinn på grunnskulen skal gjennomførast og informere heimane om dette.

Informasjon frå regjeringa finn du her.

Skulane i Sykkylven kommune gjer seg no klare til å få elevane på mellomtrinn og ungdomstrinn  tilbake til skulane. Dei siste vekene har vore ei utfordrande tid for både elevar, lærarar og foreldre, men også ei tid for ny læring, nye arbeidsmåtar og sannsynligvis eit digitalt løft for dei fleste. 

Men det vert nok ingen normal skulekvardag dei næraste vekene heller. Vi må framleis ta omsyn til smittevern, noko som vil medføre mange reglar og rutiner som må følgjast. Det vil også bety at alle elevar ikkje kan vere på skulen heile tida, og at noko heimeundervisning framleis må brukast for å få kabalen til å gå opp.

Kvar enkelt skule vil sende ut informasjon til alle sine foreldre om kva dag elevane skal starte og korleis dagane framover blir organisert. 

Smittevern

Slik situasjonen er no vil smittevernet vere sentralt på skulane, men vi skal også venje oss til verte trygge på kvarandre igjen og å vere saman. Det betyr at det reint faglege ikkje vil kunne ha same fokus som i ein normalsituasjon.

Smittevernet har nokre viktige fokusområde:

• God hand- og hostehygiene

• Godt reinhald

• Redusert kontakt mellom personar

• Tidleg isolering av sjuke

Dette betyr at 

• Det må brukast tid på å øve inn hygiene- og reinhaldsrutinar. Det er fint om de også snakkar om dette heime etter skuletid.

• Ingen born eller vaksne, skal vere på skulen eller i SFO dersom dei er sjuke.

Oppdatert smittevernrettleiar for grunnskulen

Alvorleg sjukdom og risikogrupper

Dersom det er slik at føresette vurderer å halde barnet heime pga alvorleg sjukdom/utsatt risiko hjå barnet eller familiemedlem, vert det krevd legeattest. Melding skal gå til rektor og legeattesten leverast så snart som mogleg.

Opningstid

Opningstida vil vere litt ulik frå skule til skule. Skulane har ulike utfordringar både når det gjeld areal og personale, og dette medfører både litt ulike oppstartsdag og at skuledagen blir litt ulikt organisert. Etter kvart som vi gjer oss erfaringar med organiseringa av skuledagen, vil det kunne bli gjort tilpassingar.

Skuleskyss

Den fylkeskommunale skuleskyssen vil gå bortimot som vanleg, men busselskapa har fått klare retningslinjer for korleis skyssen skal gjennomførast. Det betyr at det er redusert kapasitet på bussane og berre halvparten så mange seter i kvar buss. Fylkeskommunen, som er ansvarleg for å organisere skuleskyssen, har ikkje tilgang på fleire bussar å sette inn. Bussar som er fylt opp i høve smittevernreglane, vil køyre forbi elevar som står langs vegen. Sjåførane har ikkje høve til å køyre tilbake for å hente dei, opplyser fylkeskommunen om, sidan bussane vert nytta på fleire ruter.

Smittevernrettleiaren er heilt klart på at bruk av offentleg transport til og frå skulen bør avgrensast så mykje som mogleg. Rettleiaren gir råd om korleis borna bør sitje i bussen, og seier også at elevane må halde ein meters avstand medan dei ventar på bussen.

Av smittevern- og plassomsyn er det difor best dersom eleven kan gå, sykle eller verte køyrd av foreldre til skulen. Vi oppmodar foreldra til å følgje dette rådet der det er mogeleg.

 

Elevar som bur 4-6 km frå skulen vert oppmoda om å sykle/gå. Elevar utan rett til skyss, kan ikkje prioriterast.
Det kan kome endringar på skuleskyssen, dersom det viser seg nødvendig. Heimane vil då få beskjed om det frå rektor.

Meir detaljert informasjon til heimane vil kome frå kvar enkelt skule.