Står du i manntalet?

Står du i manntalet?

For å kunne røyste ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i haust må du stå i manntalet. 

Manntalslistene ligg ute til offentleg ettersyn t.o.m. valdagen i Servicetoget, Rådhuset, Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven. 

Det er folkeregisteret som blir lagt til grunn for manntalet. Kvar du er manntalsført og har stemmerett, er difor avhengig av i kva for kommune du er folkeregisteret som busett i per 30. juni kvart valår. Denne datoen blir kalla skjæringsdatoen. Dersom du registrerer flytting til ein anna kommune etter 30. juni i valåret, har du stemmerett i din gamle bustadkommune. Dersom du registrer flytting før 30. juni i valåret vil du ha stemmerett i din nye bustadkommune.