Status prøvesvar og informasjon om karantene pr torsdag 29.04 kl 0900 - oppdatert kl 1020

Status prøvesvar og informasjon om karantene pr torsdag 29.04 kl 0900 - oppdatert kl 1020

Alle prøvesvar i går var negative.

Dei som er i ventekarantene etter at dei var ilag med nærkontakt fredag 23.04, kan gå ut av karantene, til dømes gjeld dette dei som har vore i ventekarantene etter samvær med en som trente på Stamina samtidig med smitta fredag 23.04.

Dei som er i ventekarantene etter å ha vore ilag med nærkontakt laurdag 24.04 eller søndag 25.04, må vente til denne nærkontakta har negativ test, tatt i dag torsdag 29.04, før dei går ut av karantene. Dette gjeld t.d. dei som har vore i ventekarantene etter å ha vore i lag med ein som trente på Stamina samtidig med smitta søndag 25.04. 

Dei som har vore nærast på den smitta (familie, venner) skal for sikkerheitsskuld teste seg i morgon fredag, og dei som er i ventekarantene etter samvær med desse,  kan gå ut av ventekarantene om svar på denne testen er negativ. Dette er t.d dei nærkontakte som har budd ilag med smitta, vore på same bord på Raus ilag med smitta, og vore ilag med smitta resten av same kveld.

Det må presiserast at nærkontaktene må uansett halde 10 dagar karantene, sjølv om dei tester negativt, for å hindre at smitte som evt oppstår dei siste dagane vert spreidd.

Smittesporingsteamet har gitt individuell beskjed til dei som på ulike måtar er ramma.

Testtidspunkt for nærkontakter er satt etter når dei hadde nærkontakt med den smitta og kor nær kontakta har vore. Difor er det ulike tidspunkt for når ventekarantene kan opphevast. Dette er for å sikre seg at vi ikkje sender folk tilbake til jobb, skule og barnehage for tidleg. 

Klikk for stort bilete