Koronaviruset

01.10.2020 10.33

Stenging av fleire kommunale tenester og einingar

Stenging av fleire kommunale tenester og einingar

Fleire av tenestene til Sykkylven kommune blir stengt frå fredag 13.mars. (sist oppdatert 16.03 11.20)

Fleire av tenestene til Sykkylven kommune blir stengt frå fredag 13.mars

Politiet stengar alle publikumstenester til og med 26.03.2020

Private behandlera som fysioterapeut, ergoterapeut, naprapat og kiropraktor held stengt inntil vidare. De vil gjere nøye vurderingar på om nokon av medisinske grunnar likevel bør tilbys behandling. Dei kontaktar sjølve sine brukarar angåande kven som vert prioritert. 

Skianlegget på Sunnmørsalpane Skiarena Fjellsætra held stengt til og med 26.03. Turløypene vert tråkka og holdt ope i denne perioden 

Alle skular og barnehagar vert stengt. Det blir arbeidd med å få på plass heimeundervisning for skuleelevar.  Informasjon kjem frå rektor på den enkelte skule.

Storhallen, kunstgrasbana, musikkbingen, kulturhus, kulturskule, kino, bibliotek, vert stengt.

Alle kommunale symjehallar og gymsalar i kommunen stengast for bruk til og med 01.05.20.

NAV mottak Sykkylven er stengt. Du kan ta kontakt med din veiledar på nav.no. Har du ingen veiledar og det er behov for snarleg kontakt, kan du ta kontakt på telefon: 40 72 08 47 tirsdag, torsdag og fredag i tidsrommet 12-14.

NAV kontaktsenter har ope alle kvardagar 08.00-15.30 - telefon: 55 55 33 33

BUAS er stengt for alle besøkande 

Dagsenter ved BUAS er stengt. Jettegryta er stengt. Det blir informert når BUAS opnar igjen.

Fønix er stengt.

Helsestasjon er i utgangspunktet stengt fram til 27. mars. Avlysing av time blir sendt gjennom SMS.

Nødvendig konsultasjonar etter individuell vurdering. Ta kontakt på telefon .

Du finn kontaktinformasjon til helsestasjonen/helsesjukepleiar her.

Jordmor tar kontakt dersom den gravide IKKJE skal møte på helsestasjonen.

Utlevering av hjelpemiddel er stengt. Ved akutt behov for hjelpemiddel ta kontakt på telefon 70 24 65 00.

Rådhuset vert stengt for besøkande.

Du når oss på telefon 70 24 65 00 eller 90 58 92 40  

postmottak@sykkylven.kommune.no    -   servicetorget@sykkylven.kommune.no

www.sykkylven.kommune.no