Aktuelt

04.04.2022 09.22

Stikk UT! 2022

Stikk UT! 2022

Endelig er det vår og sommarens 15 stikk-ut turar i Sykkylven er klare!

Men på fjellet er det fortsatt mykje snø, så nokre av turane har på grunn av det fått utsett oppstart. Snøen er mange stader «roten» på denne tida av året, og ein kan sekke ned både med ski og truger. Om snøen forsinn raskare enn forventa, så blir opningsdato endra. Så her må ein berre følgje med.

Nytt av året er også funksjonen i stikk ut appen;  «stikk-ut saman!». Dette er ein enkel måte å invitere med seg andre på stikk-ut tur! Sosialt og kjekt!

Finn fram gode sko og Stikk-ut på tur! Ein flott måte å kome seg i god form og nyte den flotte naturen i Sykkylven.

Her er oversikten over turane i år.

  • Aurenakken frå Vikedalen
  • Borgundkollen frå Heiane (opnar 14.mai)
  • Fagrefjellet (ny)
  • Fausateighornet (opnar 14.mai)
  • Gullmorvatnet, Brunstad (opnar 1.juni)
  • Holeiehane frå Svartevatnet (ny) (opnar 14.mai)
  • Hovdeåsen i Hundeivik
  • Koppen i Velledalen
  • Langfjella (opnar 1.juni)
  • Lisjesanden brygge ved Fetvatnet (opnar 14.mai)
  • Oddane på Aursneset
  • Sandvikhornet frå Hjellane
  • Stavekollen på Ikornes
  • Sessvatna, Ikornes
  • Vellesætra, Brunstad

 

Lenkje til meir informasjon: Stikk UT!