Aktuelt

14.01.2022 16.00

Stikk UT-ski og stikk UT-vinterfotturar

Stikk UT-ski og stikk UT-vinterfotturar

Frå 15. desember  2021 startar Stikk UT-ski og Stikk UT-vinterfotturar i Sykkylven. Varer til 2. påskedag 2022.

Stikk UT-ski

Denne vinteren vil der kome 2 fleire turmål til rundt Nysætervatnet, ved Nysætra og ved Fausaskiftet. Når løypa etter kvart kjem rundt heile vatnet kan du ta 4 kodar på turen: Skistadion, Appelsinhaugen, Fausaskiftet og Nysætra.

Kodane står inntil det maskinkøyrde sporet og skal vere lette å sjå. Merk deg at turmåla ved Nysætra og Fausaskiftet blir opna opp når maskina har køyrd spor forbi.

Eit tips er å parkere ved den flotte parkeringa ved Fausaskiftet og gå rundt vatnet derifrå. Då er det heller ikkje langt til første koden.

 

Stikk UT-vinterfottur

Nytt i år er Haugset-runden og Oddane på Ørsneset (sistnevnte er og Stikkut-sommar tur)

Dette er populære trimturar og no kan du gå forbi ein kode på vegen og registrere den på telefonen på app. Stikkut

Sjå stikkut.no postbeskrivelse/kart.

Lenke til:

Stikkut.no