Stikk ut

Stikk ut

Som de sikkert har lest i avisene, gjekk kommunestyret før jul inn for at kommunen frå 2020 skal bli medlem av Sunnmøre friluftsråd.  Medlemskommunane får då delta i mellom anna  Stikk-ut (sommar) og Stikk-ut Ski. Den siste er alt etablert med to postar på Fjellsetra; ein på skistadion og ein på Storhaugen(«Appelsinhaugen»).

Friluftsrådet administrerer Stikk-Ut – ein elektronisk postkassetrim. Dei lagar kart over turane på ei nettside inkludert våre postar.  Kommunane må først velje desse turmåla, lage turbeskrivelse, spore ruta med GPS, avklare parkering osv. medan Friluftsrådet skaffar det meste av utstyr, postkasser, skilt etter ei behovsliste frå kommunen.  Deretter blir det ein dugnad med å sette ut desse skilta og kassene i terrenget – litt meir omstendeleg og nøyaktig enn vi er vande med til no. Postkassene, elektronisk kode/turmålet skal stå på same staden i fleire år, og må vere festa deretter.  Det må ev. vere avtale om plassering med grunneigarane.  Dette er ikkje ei turorientering lenger, då det skal vere tydeleg merka sti heilt fram til målet.  Skiturane skal vere oppkøyrde løyper med trakkemaskin og kartlagt med GPS. Mattilsynet rår elles sterkt til at turmåla ikkje vert plassert ved drikkevasskjeldene våre.

Friluftsrådet gir oss i tillegg fleire andre fordelar. Eksempelvis:

Skjergardstenesta – ein ryddebåt som er med å samle opp plast i fjøra Utlån av turutstyr, kano og kajakkar til gratis leige, Råd og tips ved ev nye miljøprosjekt i kommunen, Sommarskule for born ,Hjelp ved oppstart av Leikpatrulje i skulane, Turtips, nettbutikk osv.

Sjå https://www.friluftsraadet.no/

Kva med Fjøre til fjells-turkorta i 2020?

Det er ikkje tid/personell til å få til begge deler i år.  Fjølekomiteen har difor drøfta ein kombinasjon for same turmål.  Sal av «Stikk ut - Fjøre til fjells - turkort» kan kanskje bli aktuelt for ein del av desse turmåla, eks. minimum 6.  Dette har vi ikkje heilt tatt stilling til enno, og heller ikkje avklart med «Stikk ut» om det er mogleg å kombinere..

Om ikkje, så blir FTF nedlagt etter desse 10 åra..!

 Klikk for stort bilete Marte Vemøy / grafikk Sveinung Vemøy