Oppdatering/oppheving; Sykkylven energi melder om kokevarsel for abonnentar i Vikedalen

Ny melding frå Sykkylven Energi  6.10.22 om oppheving av kokevarsel:

Dei 2 siste vassprøvene vi har tatt i Vikedalen har vore fine og kokevarselet vert derfor oppheva. Vi beklagar dei ulempene dette har medført for våre abonnentar.

 

Meldinga lyd slik: (den 29.9.22)

Det er påvist bakteriar i drikkevatnet i Vikedalen. Alle abonnentar i Vikedalen vert dermed varsla om å koke vatn til drikke, matlaging og tannpuss inntil vidare. Det må vere 2 etterfølgjande prøver utan påviste bakteriar før kokevarselet kan opphevast. Høgdebassenget i Vikedalen vert no reingjort og vi vil ta nye vassprøver måndag 3. oktober og tysdag 4. oktober. Dersom desse prøvene er fine så kan kokevarselet opphevast torsdag 6. oktober. Sjå også Folkehelseinstituttet si tilråding om koking av vatn. https://www.fhi.no/ml/drikkevann/rad/kokevarsel/

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

Følg med på Sykkylven energi si facebookside og heimeside.