Sykkylven kommune har kompetansemidlar til fordeling av stipend for skuleåret 2021/2022

Sykkylven kommune har kompetansemidlar til fordeling av stipend for skuleåret 2021/2022

Sykkylven kommune søkjer årleg Fylkeskommunen om kompetansemidlar som ein vidare tildeler som stipend til bachelor studentar innan helse og sosialfag heimehøyrande i kommunen.

Fylkeskommunale kompetansemidlar skal stimulere til kompetanseutvikling for å møte utfordringar i helse og omsorgstenesta i framtida. Midlane blir fordelt i samsvar med den nasjonale prioriteringa.

Det er knytt vilkår for tildelinga som vil kome fram i vedtaket. Ein må vere budd på å vere ferievikar i høgtider og feriar så lenge ein mottar stipend.

I søknaden må du legge ved ein studiebekreftelse frå Samordna opptak eller studiestaden. 

Søknadsskjema finn du her

Vi tildeler stipend så lenge vi har midlar.

 

Klikk for stort bilete        

Kontakt

Birte Enstad
Rådgjevar helse og omsorg
E-post
Telefon 913 51 248

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post