Sykkylven kommune har kompetansemidlar til fordeling av stipend

Sykkylven kommune har kompetansemidlar til fordeling av stipend

Sykkylven kommune søkjer årleg Fylkeskommunen om kompetansemidlar som ein vidare tildeler som stipend til bachelor studentar innan helse og sosialfag heimehøyrande i kommunen.

Fylkeskommunale kompetansemidlar skal stimulere til kompetanseutvikling for å møte utfordringar i helse og omsorgstenesta i framtida. Midlane blir fordelt i samsvar med den nasjonale prioriteringa.

Den som får tildelt stipend, må vere budd på å vere ferievikar i 5 veker frå veke 27 til og med veke 32, samt høgtider i helse- og omsorgstenesta i Sykkylven kommune i tida du mottar stipend.  Om du ikkje kan forplikte deg på vilkåra for stipendet, blir det krav om ei tilbakebetaling. Det er inga bindingstid etter at du er ferdig med studiet.

Ein kan søkje på desse kompetansemidla ved å sende eit brev eller e-post til Sykkylven kommune.

Søknadsfrist 1. august 2019.