Sykkylven kommune startar massevaksinasjon av ungdom i alderen 12 – 15 år frå veke 37

Sykkylven kommune startar massevaksinasjon av ungdom i alderen 12 – 15 år frå veke 37

Smitte blant barn og ungdom er aukande, og ungdom har mange sosiale kontakter. Barn og unge blir sjeldan alvorleg sjuk av covid-19, og dei aller fleste får ingen eller lite symptom på sjukdom.

I ei tid med mykje smitte i denne aldersgruppa meinar Folkehelseinstituttet at det er rett å tilby vaksine, også til denne gruppa slik at dei er beskytta mot alvorlege forløp av sjukdomen.   

I Sykkylven kommune er vaksinasjon av ungdom i alder 12 - 15 år planlagt gjennomført i gamle bankbygget tysdag 14. og tysdag 21.september. Sidan alle under 16 år ikkje er samtykkekompetent, går sms om vaksinetidspunkt til den som er registrert som hovedforesatt. Om de ønskjer at dykkar barn ikkje skal få vaksine, må de følgje lenka i tekstmeldinga og avbestille oppsatt time.

Om samtykke frå foresatte og ungdommen sin rett til medbestemmelse

Føresatt må skrive under på eit samtykkeskjema (PDF, 47 kB) for koronavaksinasjon av ungdom under 16 år (der det er to føresette, må begge skrive under). Samtykkeskjema skal fyllast ut og leverast til skulen innan torsdag 9.september.

Ungdom under 16 skal høyrast ut fra alder og modning og deira eiga mening skal leggast vekt på. Vaksinering er frivillig.

Informasjonsbrev sendt til alle elevar på ungdomskulen og 7. klasser i Sykkylven kommune (PDF, 335 kB)

Informasjonsbrev om vaksinasjon av ungdom - Folkehelseinstituttet (PDF, 162 kB)

Rett til tilpassa informasjon

Ungdom har rett til å få tilpassa informasjon. Foresatte bør snakke med sin ungdom om valget rundt vaksinasjon og hjelpe til med å formidle viktig informasjon knytt til dette.

FHI har meir informasjon om dette og du kan sjå ulike filmer om;

 kva er ei vaksine

korleis fungerer ei vaksine

 kvifor vaksinere seg mot Covid19.

Lenke til FHI sine sider.

Éi dose 

Koronavaksina som blir tilbydd er godkjent frå 12 år og oppover. Vaksinasjonen blir tilbydd til årskull 2006 – 2008, samt alle frå årskull 2009 så snart dei har fylt 12 år.  

Vaksinasjonen skal bestå av éi dose i første omgang.

Ungdom i alderen 12-15 år har generelt  svært god effekt av vaksinasjon.   Éi dose gir god beskyttelse mot alvorleg sjukdom, og beskyttelse vil sannsynlegvis vere bedre hos ungdom i den alderen enn for eldre aldersgrupper.

Det er beskrive ein sjeldan biverknad i form av hjertebetennelse, som har namnet myokarditt, etter bruk av mRNA-vaksiner, særleg for unge mennesker.  Bivirknaden oppstår i all hovedsak etter 2. dose, og er forbigående slik at dei fleste blir frisk innan ein måned.

Éi dose er det som gir den tydelegaste gevinsten for den enkelte ungdom når nytte blir vegd opp mot mogelege ulemper av vaksina. Det er vaksina Comirnaty fra BioNTech/Pfizer som blir brukt fordi det er større erfaring med bruk av det produktet i denne aldersgruppa.  

Klikk for stort bilete Silje Ramstad