Sykkylven Legesenter frå 01.07.21

Sykkylven Legesenter frå 01.07.21

01. juli tar Sykkylven kommune over Sykkylven legesenter. 

Kontaktinformasjonen er den same som før. 

  • Haugneset 20, 6230 Sykkylven
  • Tlf.  70 25 50 50
  • Legevakt utenom kontortid tlf: 116117
  • Livstrugande hjelp ring: 113

Klikk for stort bilete Fastlegen.no  

  • Ferieavvikling veke 27-34

Opningstida i ferien 08.30 -15.30 (som før)

På grunn av ferieavvikling ber legesenteret om at generelle kontrollar ikkje blir tatt før den

23. august når du kan bestille ordinær time med fastlegen din.

Er du i tvil om det kan vente tar du kontakt.

For meir informasjon om ferievekene sjå www.sykkylvenlegesenter.no

 

  • Legetime

Legesenteret prøver å hjelpe alle så raskt som mogeleg.

På grunn av redusert bemanning blir det fort kø i telefonen, og ekstra ventetid på kontoret.

Vi beklagar dette, men håper på forståing.

Vi tar i bruk medisinsk indeks, eit oppslagsverk som legevaktsentralen og andre legekontor brukar, for å gi pasientar trygge og faglege helseråd over telefon.

Dette verktøyet er og med å vurdere pasienten sin prioritet, og hastegrad for legetime.

 

  • Betalingsautomat

Som dei fleste legekontor i landet har Sykkylven legesenter også  fått betalingsautomat. Det gjer at helsepersonellet  kan bruke meir av tida si på pasientar og andre oppgåver.

Betalingsautomaten står godt synleg i venterommet.

I betalingsautomaten kan ein betale med debitkort (betal her og no), eller ein kan velje mobilbetaling. Mobilbetaling gir fleire betalingsalternativ som Visa/Kredittkort/Vipps.  

Ved Mobilbetaling har ein 24 timar på seg til å gjennomføre betaling, frå ein mottar SMS. 

Blir ikkje betalinga gjennomført innen 24 timer, blir det sendt ut vanleg faktura med gebyr kr 69. 

Faktura vil og bli tilsendt om ein gløymer å betale. 

 

  • Korona

All informasjon finn du på heimesida til kommunen 

Evt ring koronatelefon; 48 14 52 59. Telefonen er open mandag-fredag frå klokka 09.00-15.00. 

Vi ved legesenteret ønsker alle ein frisk og god sommar!