Koronaviruset

06.08.2020 09.43

Sykkylven legesenter frå 30.03.2020

Sykkylven legesenter frå 30.03.2020

Sykkylven legesenter gjennomfører fortsatt tiltak i samband med koronasituasjonen, men innbyggarane kan ta kontakt for timebestilling. 

  • Alle kan som tidlegare bestille time via e portal (besoklegen.no). Ingen må møte på legekontoret utan å ha vore i telefonisk kontakt på førehand. For kontakt med lege: RING FØRST - 70 25 50 50 eller legevakt 116 117. Ein kan også sende e mail: kontoret@sykkylven.nhn.no .Telefon vil vare betjent kvar dag som før, men med redusert kapasitet.
  • Personalet ved legekontoret er delt i to grupper som kvar er på jobb tre veker om gongen. Den gruppa som ikkje fysisk er til stades på kontoret, vil kunne foreta konsultasjonar på video, telefon og liknande.  Videokonsultasjonar vert også utført frå legekontoret, og dette fungerer fint i mange høve.
  • Fastlegen som foretek videokonsultasjon, vurderer om pasienten treng undersøkelse/utredning mm.  Fastlegen sørger då for at time blir oppretta med ein lege som jobber frå legekontoret.
  • Lab er åpen for nødvendig prøvetaking (etter avtale) f.eks. pasientar med nyresvikt/kreft/gravid mm (også rekvirert av sjukehus).
  • Legekontoret har vanlege opningstider i påska frå måndag 6. april til onsdag 8. april.

Tiltaka er innført for å skjerme pasientar og dei tilsette frå smitte slik at vi kan oppretthalde eit godt fastlegetilbod.

Klikk for stort bilete Fastlegen.no