Sykkylven og Stranda kommune lyser ut stimuleringsmidlar til veterinærdekning

Sykkylven og Stranda kommune lyser ut stimuleringsmidlar til veterinærdekning

Kommunar som har utfordringar med å få nok veterinærar til å delta på klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid, kan i 2023 søkje stimuleringstilskot.

Geiter

Føresetnaden for at kommunane kan søkje etter denne ordninga er at dei stiller krav om vaktdeltaking og at kommunane sin bruk av midlar over ordninga er i tråd med føremålet med stimuleringstilskotet, som er å bidra til å sikre tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell på dagtid.

Brevet frå Statsforvaltaren som gjer greie for ordninga finn du her

Søknadsprosess og fristar

Det finst ikkje ferdig skjema som veterinærføretaka kan nytte for å søkje. Dei som søkjer må levere ein grunngitt søknad til administrasjonskommunen, Stranda, innan onsdag 8. februar. (Kommunen må ha sendt søknaden vidare til Statsforvaltaren innan 15. februar.)

Stranda kommune
Øyna 13
6200 Stranda

Epost: post@stranda.kommune.no