Tidlegrøysting frå 1. juli

Tidlegrøysting frå 1. juli

Frå 1. juli er det mogleg å tidlegrøyste på Servicetorget på rådhuset.

I medhald av vallova §8-1 (4) kan veljarar som oppheld seg innanriks (unnateke på Svalbard og Jan Mayen) og som ikkje kan røyste i perioden for førehandsrøysting eller på valting, ta kontakt med kommunen og røyste frå 1. juli. Måndag 12. august startar førehandsrøysteperioden.