Koronaviruset

18.05.2020 11.49

Til alle camping- og båtgjester i Sykkylven kommune

Til alle camping- og båtgjester i Sykkylven kommune

Kommunen har vedteke lokal forskrift om opphald på campingplassar og liknande verksemder i eiga forskrift. Personar som ikkje er fast busett i Sykkylven kommune har forbod mot overnatting på kommunal grunn, campingplass, bubilcamping, spikertelt,  andre område med oppstilling av campingvogner, gjestehamn eller anna verksemd som driv hytte-/leilighetsutleige i Sykkylven kommune. Strengt nødvendig vedlikehald eller tilsyn som er nødvendig for å avverge materiell skade er tillate. 

Forskrift om stenging av campingplasser, bubilcamping og gjestehamner samt forbod mot overnatting på slike verksemder i Sykkylven kommune i samband med utbrot av Covid-19 (PDF, 506 kB)

Kommunen og sentrale styresmakter oppmoder på det sterkaste å unngå reiser, som ikkje er strengt nødvendige, ut av den kommunen der ein er folkeregistrert. Dette av smittevernomsyn..

Det er kvar einskild si plikt å følgje gjeldande forskrift.  Det er ikkje lagt opp til dispensasjonar til forskrifta utover det som går fram av sjølve forskriftsteksten. 

Klikk for stort bilete campingportalen.no