Tilbod om barnehageopphald i fellesferien vert sett på vent til 2022

Tilbod om barnehageopphald i fellesferien vert sett på vent til 2022

Eit fleirtal i kommunestyret har vedteke at tilbodet om sommaropen barnehage skal setjast på vent til 2022. Dermed blir det ikkje tilbod om barnehageopphald i fellesferien inneverande år.

På bakgrunn av ein vesentleg vanskelegare økonomisk situasjon, der barnehagane til liks med andre kommunale sektorar må gjennomføre krevjande rammereduksjonar i budsjettet, gjekk kommunaldirektøren inn for å avvikle ordninga med sommaropne barnehagar frå 2021. Då kommunestyret behandla saka i møte 15. februar var det brei semje om at dette er eit tilbod som må prioriterast også i framtida. Diskusjonen gjekk først og fremst på om tilbodet skulle setjast på vent til 2022, eller om tilbodet skulle halde fram også i 2021. Sist sommar vart det gitt eit tilbod i første og siste veka i fellesferien, men det var berre 9 barn som nytta seg av tilbodet.

Fleirtalet i kommunestyret vedtok at sommartilbodet skal setjast på vent til 2022. Samtidig fekk administrasjonen i oppdrag å sjå på organiseringa av sommaropen barnehage og korleis dette kan gjennomførast på ein annan måte enn tidlegare, for å gjere det meir attraktivt for foreldre. Dei fire punkta i vedtaket lyder som følgjer:

  1. Det må leggast opp til tydeleg informasjon til dei føresette om tilbodet, slik at alle saman får same informasjon. Denne bør kome frå administrasjonen og ikkje frå kvar einskild barnehage, slik at alle får lik informasjon til same tid.
  2. Påmelding bør bere bindande, slik ein får sett om det er nok barn til å gjennomføre tiltaket.
  3. Det må takast kontakt med næringslivet for å kartlegge korleis dei tenkjer å gjennomføre si ferieavvikling, for å samkøyre.
  4. Det må takast kontakt med kommunar som har same tilbodet om sommaropen barnehage, og sjå korleis dei gjennomfører dette for å hente inspirasjon og få idear.