Tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket, dreneringstiltak og tiltak i beiteområde - Søknadsfrist 15. april 2021

Tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket, dreneringstiltak og tiltak i beiteområde - Søknadsfrist 15. april 2021

Klikk for stort bileteSlåttemark i Sykkylven 

Sykkylven kommune minner om søknadsfristen for tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL), dreneringstlskot og tilskot til tiltak i beiteområde, som er 15. april 2020. 

Spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL) 

Føremålet med SMIL-ordninga er å ivareta natur- og kulturminneverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap, samt å redusere forureininga frå jordbruket, utover det som kan forventast gjennom vanleg jordbruksdrift. Tilskot kan bli gitt til ulike typar prosjekt/tiltak; planlegging- og tilretteleggingsprosjekt, tiltak som fremmar biologisk mangfald, kulturlandskapstiltak og forureiningstiltak.  

Døme på tiltak: 

  • Restaurering av gamle natur- og slåtteenger
  • Etablering og opprensking av gardsdammer
  • Etablering og skjøtsel av buffersoner for pollinerande insekt. Areala skal tilsåast med pollinatorvenlege arter som gir blomstring og nektarproduksjon gjennom hele pollinatorsesongen.
  • Hindre gjengroing av gamle beiteområde med biologiske verdiar.
  • Fjerning av svarteliste arter i kulturlandskapet.
  • Tilrettelegging av fuglebiotopar
  • Utsett slått i område med mistenkt hekking av åkerrikse
  • Tiltak for å bevare og halde gammal kulturmark i hevd. Naturbeitemarker vert prioritert.
  • Vegetasjonssoner mot vassdrag
  • Høytørkeanlegg 
  • Hydrotekniske anlegg 
  • Etablering av fangdammer og våtmark 
  • Fjerning av piggtråd i kulturlandskapet 

Tradisjonell gjerding vert ikkje prioritert. 

Meir informasjon om tilskotsordninga, søknadskrav og søknadsskjema finn du her: 

Sykkylven kommune - Spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL)

 

Tilskot til drenering av jordbruksareal 

God drenering er avgjerande for å auke matproduksjonen i åra som kjem og er eit viktig ledd i arbeidet med å tilpasse jordbruket til klimaendringar. God drenering reduserer faren for erosjon og betrar vasskvalitet og vassmiljø. 

Tilskot til drenering av jordbruksjord, avgrensa til systematisk grøfting, profilering og omgraving utgjer 2000 kroner per dekar. Ved anna grøfting kan ein få 30 kroner per løypemeter grøft avgrensa oppad til 2000 kroner per dekar. 

Meir informasjon om tilskotsordninga, søknadskrav og søknadsskjema finn du her: 
Sykkylven kommune - Tilskot til drenering 

 

Tilskot til tiltak i beiteområde 

Føremålet med ordninga er å legge til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremme fellestiltak i beiteområda.

Beitelag og andre former for organisert samarbeid (t.d. grunneigarlag, radiobjellelag) som er registrert i einingregisteret og som driv med næringsmessig beitedrift kan søkje om tilskot til tiltak i beiteområde. I område der det pga. naturgitte eller driftsmessige høve ikkje ligg til rette for samarbeid kan føretak som oppfyll krava i forskrift om produksjons- og avløysartislkot § 2 også søkje om tilskot.

Døme på tiltak: 

  • Planlegging og prosjektering av faste installasjonar
  • Ny organisering av beitelag og utmarksbeiteområde
  • Prosjektretta arbeid for stimulering til auka beitebruk og rasjonell utnytting av beita
  • Tidsavgrensa utprøving av nytt utstyr som kan bidra til effektiv og god beitebruk
  • Utarbeiding av planar (beitebruksplan, tiltaksplan, beredskapsplan mv.) for utmarksbeite
  • Vegetasjonskartlegging
  • Sperregjerder som skal hindre beitedyr i å komme ut av beiteområdet
  • Ferister som er av godkjent fabrikat eller bygd etter standardteikningar
  • Bruer. Ein kan gje tilskot til bruer som er dimensjonert for føring av beitedyr
  • Gjeterhytter
  • Sanke- og skilleanlegg
  • Anlegg/rydding/ utbetring av driftevegar.
  • Saltsteinsautomater
  • Transportprammer
  • Elektronisk overvåkingsutstyr (radiobjeller, lammenoder, merkesavlesere, findmysheep, droner mv.)
  • Elektronisk gjerde (f.eks. av typen Nofence

Meir informasjon om tilskotsordninga, søknadskrav og søknadsskjema finn du her: 

Sykkylven kommune - tilskot til tiltak i beiteområde