To nye smitta av Covid 19 - gult nivå på fleire skular

To nye smitta av Covid 19 - gult nivå på fleire skular

Det er gjennomført hurtigtesting av alle elevar og tilsette ved Vik barneskule og Sykkylven vidaregåande skule i dag. Eit fotballag er også testa med hurtigtest. 

Alle elevar og lærarar ved Sørestranda skule skal ta hurtigtest i ettermiddag.

Det vert innført gult nivå (PDF, 111 kB) på Vik skule og Sørestranda skule frå tysdag 07.09.21

Meir informasjon kjem frå rektorane.

Frå onsdag vil elevar truleg kunne ta hurtigtest heime. 

Vi minner alle om å bruke handsprit og overhalde 1 meter regelen. 

Vi minner også alle om å halde seg heime om ein kjenner på symtom som sår hals og forkjølelse.