To nye smitta av Covid19 i Sykkylven

To nye smitta av Covid19 i Sykkylven

Sykkylven kommune fekk i går melding om ytterlegare to smitta i utbrotet på Vik og Sørstranda barneskule. Desse testa positivt på hurtigtest, og ein ventar på endeleg PCR-svar.

Etter dialog med FHI sitt smitteteam om vidare handtering har ein bestemt at Vik barneskule og Sørstranda barneskule held fram med gult nivå.

Det er diverre naudsynt med ytterlegare  heimetesting, og elevane vil få utdelt hurtigtestar måndag. Nærare informasjon kjem frå skulen.

Klikk for stort bilete 

Ein oppmodar alle (også vaksinerte) om å teste seg ved nyoppståtte luftvegsymptom, samt å halde seg heime til ein har god allmenntilstand og berre restsymptom.