To nye smitta av Covid19 - Vik skule skal massetestast

To nye smitta av Covid19 - Vik skule skal massetestast

To nye er bekrefta smitta etter testing med PCR. Dei to testa først negativ ved hurtigtesting. Personane er i same familie som dei tre Sykkylven kommune melde om smitte på laurdag 04. september. 

Ein av dei smitta er elev ved Vik barneskule. Elevane har vore i felles samlingar, og ein vil difor gjennomføre massetesting med hurtigtestar, av lærarar og elevar 1-7 trinn, mandag morgon. 

Detaljar om oppmøte og testing for elevar og lærarar kjem frå rektor til dei det gjeld søndag kveld. 

Klikk for stort bilete