Trafikkregulering i og inn mot sentrumskvaderaturen

Trafikkregulering i og inn mot sentrumskvaderaturen

Nærings og utviklingsutvalet (NU)  vedtok 16. november å starte sak vedkomande trafikkregulering i og inn mot sentrumsområdet. På møte i NU den 16.11.20, gjorde dei følgande vedtak i sak 64/20:

"Nærings- og utviklingsutvalet (NU) ber om at det vert starta opp sak vedkomande gatebruk, parkering og buss-stopp i sentrumsområdet.

·    Områdereguleringsplanen vedteken av kommunestyret 20.06.2016 skal leggast til grunn.

·    For parkeringsområda skal det vurderast tidsavgrensa parkering, eks. max parkeringstid til 4 timar.

·    For gågate-installasjonen skal det vurderast både heilårleg og sesongbestemt plassering.

NU vil legge vekt på medverknad, og oppmodar partar/aktørar/interessentar om å uttale seg."

Som NU-sak 64/20 syner, så vert det er lagt opp til ein prosess, der ein i første omgang «høyrer» og ikkje «konkluderer».

Du vert derfor invitert til å kome med synspunkt på kva du meiner er viktig å ta omsyn til. Kom gjerne med synspunkt på både reglar for parkering og på korleis sentrumsgatene skal kunne nyttast. Herunder eventuell plassering av gågate, etablering av einvegskøyringar, buss-stopp, forbod mot parkering eller andre restriksjonar eller tiltak.

For meir informasjon, vert det synt til NU-sak 64/20 med sin tilhøyrande vedlegg.

Frist for å kome med innspel: 8. februar 2021

Send e-post til postmottak@sykkylven.kommune.no, eller skriv til : Sykkylven kommune, Rådhuset, Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven.

Trafikkregulering i og inn mot sentrumskvaderaturen (L)(57189) (PDF, 181 kB)

Referat etter møte 29.10.20 ang. buss i sentrum (L)(56057) (PDF, 215 kB)

BUSS SENTRUM - kartskisse (L)(56058) (PDF, 318 kB)

Svar om installasjonane i Kyrkjevegen (L)(55841) (PDF, 419 kB)

15282013005 - Sykkylven sentrum - Plankart rev. 2911207 (L)(56059) (PDF, 16 MB)

15282013005 - Sykkylven sentrum - Føresegner rev. 20.06.2016 (L)(56060) (PDF, 824 kB)