Tre nye smitta av Covid 19

Tre nye smitta av Covid 19

Ein person testa positivt på hurtigtest fredag ettermiddag. Personen har nyleg vore i utlandet og testa seg etter at symptom frå luftvegen melde seg.

Smittesporing og hurtigtesting av nærkontaktar i dag tideleg avdekte to positive husstandsmedlemmar. Det er tatt PCR, og ein ventar svar i løpet av morgondagen.

Ein av dei smitta er elev ved Sykkylven vidaregåande skule.

Ein planlegg hurtigtesting av alle elevar ved skulen måndag og elevane skal møte som normalt.

Også tilsette ved skulen testast måndag.

Det er viktig at elevar, eller tilsette, med nyoppståtte luftvegssymptom held seg heime og bestiller seg test på c19.no 

Det er helsepersonell frå kommunen som står for testing.

Eventuelt seinare testing vil kunne gjennomførast som sjølvtesting.

Klikk for stort bilete