Aktuelt

14.01.2022 16.00

Tre nye smitta av Covid19

Tre nye smitta av Covid19

Sist veke hadde Sykkylven tre nye smitta.  Smittesporing er ferdig og alle er i isolasjon. 

 

I haust har vi i Sykkylven hatt lave smittetal over ein lengre periode. I November starta vi som dei fleste andre kommunar å melde om smitte ein gong pr veke. Dei nasjonale restriksjonane vil nok hjelpe oss å halde desse tala framover, men det skal dessverre lite til før ein får eit større utbrot.

Vi håpar at ein, til tross for lave smittetal lokalt, tek ekstra omsyn no i julehøgtida.

Følg dei nasjonale råda, test deg ved nyoppståtte luftvegssymptom og hald deg heime til du får svar.

Vi ynskjer alle ei koronafri og god jul!

Smittesporarane i Sykkylven