Tredje dose for deg som har alvorleg svekka immunforsvar

Tredje dose for deg som har alvorleg svekka immunforsvar

Regjeringa har bestemt at personar som har alvorleg svekka immunforsvar skal få ei tredje vaksinedose. 

Det er viktig at du les dette før du tek kontakt med vaksinetelefonen. 

Du kan melde deg til 3.dose koronavaksine ved å sende e-post til vaksine@sykkylven.kommune.no Vi treng berre namn, fødselsdato og tlf.nr - ikkje skriv sensitiv informasjon. Dokumentasjon må framvisast på vaksinasjonsdagen.

Ønske om 3.dose før du får brev frå spesialisthelsetenesta?

Ved ønske om 3.dose før du får brev frå spesialisthelsetenesta må du vise annan dokumentasjon avhengig av kva gruppe du tilhøyrer.

Gruppe 1: Framvisning av notat frå sjukehusjournal der diagnose framgår

Gruppe 2: Framvisning av dokumentasjon på bruk av immundempande medisin: Journalnotat med aktuell dato frå relevant avdeling i spesialisthelsetenesta, resept/e-resept eller medikamentforpakning der namn framgår som stadfestar bruk av immundempande medisin frå denne lista til legeforeninga.

Disse pasientane må vente på brev fra spesialisthelsetjenesta

Kreftpasientar med aktiv eller nyleg gjennomgått immundempande behandling

Pasientar som av ansvarlig legespesialist er bedømd å ha svært nedsett immunforsvar og som ikkje inngår i ei av gruppene ovanfor  

Kven får tilbod? 

Gruppe 1 

Alle som tilhøyrer denne gruppa, vil få tilbod om 3.dose så snart det er praktisk mogleg. Dette gjeld for følgande tilstandar: 

  • Organtransplanterte 
  • Beinmargstransplanterte dei siste 2 åra
  • Alvorleg og moderat medfødt immunsvikt
  • Alvorleg nyresvikt (stadium 5) eller i aktiv dialyse
  • Avansert eller ubehandla hiv-infeksjon

Gruppe 2

Behov for 3. dose og eventuell tilpassing av immundempande behandling før vaksinasjon må vurderast for kvar gruppe. Vaksinasjon av denne gruppa vil starte så snart dei fagmedisinske miljøa i spesialisthelsetenesta har identifisert og avgjort kva pasientar som skal falle inn under anbefalingen om 3. dose. Dette gjeld: 

  • Kreftpasientar med aktiv eller nyleg gjennomgått immundempande behandling
  • Pasientar med pågåande betydeleg immundempande behandling av anna årsak
  • Pasienter som av ansvarleg legespesialist anses å ha svært nedsatt immunforsvar og som ikkje inngår i ei av gruppene over.

Barn med alvorleg svekka immunforsvar vil ikkje få tilbod om vaksinasjon på gruppenivå. Det kan vere enkelte pasientar der dette vert vurdert som nødvendig. Slike beslutningar skal gjerast av barnelege.

Kven har ansvar for vaksineringa? 

Spesialisthelsetenesta identifiserer og sender ut skriftlig tilbod om 3. vaksinedose til dei som er prioritert.

Det er Sykkylven kommune som har ansvar for gjennomføring av vaksineringa. Enkelte, for eksempel dei som er innlagt på sjukehus, får tilbod om den tredje dosen på sjukehuset.

Dei som har mottatt brev om at dei tilhøyrer ei gruppe som skal ha tilbod om ei 3. dose i kommunen, må melde frå til vaksine@sykkylven.kommune.no. Vi ynskjer kun namn, fødselsdato og telefonnummer i e-posten og at ein ynskjer 3. dose av koronavaksina. Om du ikkje har tilgang til e-post kan du ringe vaksinetelefonen på tlf. 91640279. Ein vil bli sett opp til time når vi har vaksine tilgjengeleg. Ein treng ikkje å ta kontakt med fastlegen sin i tillegg. Pasienten må med ha dokumentasjon på vaksinasjonsdagen som stadfestar at pasienten tilhøyrer aktuelle sjukdomsgruppe. Normalt vil dette vere i form av et brev frå spesialisthelsetenesta der det kjem fram at vedkomande er anbefalt ei 3. dose.

Begge mRNA-vaksinene kan benyttast

Det er ikkje mogleg å velje kva vaksine ein kan få. 

Koronavaksinene som skal benyttast til 3.dose er mRNA-vaksinene Comirnaty frå BioNTech-Pfizer eller Spikevax frå Moderna. Begge vaksiner kan nyttast, uavhengig av kva vaksine som vart gitt som 1. og 2. dose. Det skal være et minimum intervall på 4 veker mellom 2. og 3. dose.  

Vern mot Covid-19 og biverknadar etter 3.dose 

Det er foreløpig ikkje observert andre biverknadar etter den tredje dosa til desse pasientgruppene enn det som tidlegare er kjend etter den første og andre dosa.  Ei ekstra vaksinedose kan gje betre immunrespons hos pasientar som har alvorlig svekka immunforsvar. Det er grunn til å tru at dei vil få betre vern med ei ekstra dose. Kor godt ei ekstra vaksinedose beskyttar vil bli følgd opp i studier både i Norge og i andre land i tida framover.