Tusen takk for innsatsen !

5.april kom regjeringa med ein langsiktig strategi for pandemihandteringa.

Vi skal framover leve med koronaviruset som ein meir normal del av kvardagen vår.

123rf.com  

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

Vi nedskalerer no fleire oppgåver, og avsluttar oppdatering av smittetal.

Tusen takk for den innsatsen kvar enkelt har lagt ned i koronaarbeidet, gjennom meir enn to år til saman! Både dei som har hatt dette i tillegg til sin vanlege jobb, og dei som har kome til utanfrå og tatt arbeidet på strak arm. De har vore til uvurderleg hjelp og avlastning for at arbeidet skulle kunne handterast for Sykkylven kommune.

Vi har fått mange gode tilbakemeldingar på arbeidet som har vore gjort.

Hurtigtestar kan fortsatt hentast på kulturhuset.

Det vil fortsatt vere tilbod om testing. 

Vaksine kan du no få tilbod om på apoteket. 

Bjørnar Midtbust, konstituert kommunedirektør

Aleksander Sommerdalen, kommuneoverlege

Birte Enstad og Margit Aure Overå, koordinatorar