Koronaviruset

01.04.2020 08.07

Tusen takk

Tusen takk

Ordførar og kommunedirektør er overvelda og takksam over all velvilligheit og den gode lagånda som viser seg frå innbyggarane i denne koronasituasjonen.

Helsepersonell utanfor kommunen registrerer seg, frivillige melder seg på, og er klar til å bidra. Det er vist eit flott initiativ frå Sylvi Bjørneset i oppretting av facebookgruppa Frivillig i Sykkylven, og som allereie har svært mange medlemar.  I tillegg viser tilsette i kommunen ei flott evne til å stille opp og vere fleksibel i oppgåveløysinga.  Legetenesta og helse og omsorg har stort press no, og jobbar intenst med å vere førebudd på en opptrapping av situasjonen.  Vi er takksam for forståing frå innbyggarane på nye tiltak vi må sette i verk for å sikre dette viktige området. Ei særleg takk går til vårt helsepersonell no. Situasjonen viser at vi greier å løfte i flokk og sikre dei viktigaste oppgåvene overfor innbyggarane, og det er dette som gjer at vi handterer det.  Vi vil elles innstendig be alle innbyggarar om å overhalde kommunen sine vedtak i høve heimekarantene for å gjere alt vi kan for å hindre smittespreiing.

Odd Jostein Drotninhaug og Eli Otterlei

Klikk for stort bilete 123rf.com