TV-aksjonen 2021 - "Barn, ikke brud"

TV-aksjonen 2021 - "Barn, ikke brud"

Plan International Norge er tildelt TV-aksjonen 2021, og har valt aksjonsnamnet "Barn, ikke brud". Formålet er å hindre at mindreårige jenter vert gifta vekk i land der barneekteskap er ein utbredt praksis; Bangladesh, Nepal, Niger, Malawi og Mali.

Klikk for stort bilete blimed.no  

Årets TV-aksjon skal bidra til å gi jenter moglegheit til å velje si eiga framtid. Jenter som vert gifta vekk som barn mister moglegheita til å gå på skule, og aukar risikoen for at dei blir utsatt for vold og overgrep. Konsekvensane av barneekteskap er også store for samfunnet dei lever i då det bremsar utvikling og opprettheld fattigdom.

Du kan lese meir om kva midlane frå årets tv-aksjon går til her. 

Christian Strand, Anne Rimmen og Robert Stoltenberg er programleiarar for TV-aksjonen 2021. Sendinga går på NRK1 og i NRK TV søndag 24. oktober.

I år som i fjor blir det ein digital innsamlingsaksjon i Sykkylven. I fjor vart det ny rekord for Sykkylven kommune som samla inn 408 204 kroner totalt. 

Formannskapet har vedteke å gi kr 5 pr. innbyggar. 

Vi vil oppmode skular og barnehagar, næringslivet, organisasjonar og ikkje minst privatpersonar til å engasjere seg og bidra i TV-aksjonen 2021.