TV-aksjonen 2022 - "Saman reddar vi liv"

TV-aksjonen 2022 går til Leger Uten Grenser sitt arbeid for å gi livreddande helsehjelp og medisinar til menneske som treng det mest.

Utan tilgang til legehjelp, vaksine eller medisinar mister millionar av menneske livet kvart år. Ofte er dette menneske i sårbare livssituasjonar. 

 


Du kan lese meir om kva pengane frå TV-aksjonen 2022 går til her.

TV-aksjonen 2022 i Sykkylven kommune

Vi har også i år valgt å ha ein digital innsamlingsaksjon. Dette har vi svært god erfaring med frå tidlegare år. Det vil derfor ikkje kome bøssebærarar på døra di søndag 23.oktober. Vi vil likevel ha nokre fysiske bøsser ståande ulike plassar, slik at dei som har lyst å gi men ikkje har moglegheit til å gi digitalt, også får høve til å gi. 

Formannskapet vedtok i møte 25.08.22 å gi kr 5 pr. innbyggar til TV-aksjonen 2022. Dette tilsvarar ca. kr. 37.855.

Har du lyst å bidra?

Gi eit valfritt beløp her

Vil du vere med på verdens største dugnad? 

Vi oppmodar skular og barnehagar, næringslivet, organisasjonar og ikkje minst privatpersonar til å engasjere seg og bidra i TV-aksjonen 2022. 

Opprett di eiga digitale bøsse

I år, som foregåande år, blir TV-aksjonen i Sykkylven heildigital. Du kan opprette di eiga digitale bøsse og samle inn pengar gjennom vener, bekjente, naboar osv. Del gjerne i sosiale medier!
Beløpet du samlar inn går direkte til TV-aksjonen, utan at du sjølv treng å handtere kontantar.

Du kan også opprette ei digital innsamling på vegne av bedrifter, organisasjonar, lag, foreningar, barnehagar og skular. 

Opprett digital bøsse

Fleire skular og barnehagar i Sykkylven har planlagt ulike aktivitetar for å samle inn pengar til TV-aksjonen. I oktober blir det blant anna arrangert skuleløp på fleire av skulane i bygda, der både foreldre, besteforeldre/slekt og andre blir oppmoda om å støtte barna med eit valfritt beløp pr. runde dei spring. 

Digitale bøsser - Sykkylven

Kaveh Rashidi, Anne Rimmen og Mikkel Niva er programleiarar for TV-aksjonen 2022. Sendinga går på NRK1 og NRK TV søndag 23.oktober.