Utbrot av saueskabbmidd

Saueskabbmidd er oppdaga på mange geiter i Midt-Noreg. Sidan midden er smittsam vert det sett i verk tiltak for å redusere smitten blant geit, og for å hindre smitte over til sau.

Tidlegare har saueskabbmidd (Psoroptes Ovis) vore utrydda. Dette er ein gruppe A-sjukdom, som er meldepliktig til Mattilsynet sidan den er veldig smittsam mellom småfe.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

Omfattande utbrot

Saueskabbmidd blei først funne i hobbyhald av geit i Trøndelag og Møre og Romsdal i januar 2021. Mattilsynet har arbeidd med å spore smitten og få oversikt, men utbrotet har vist seg å vere omfattande. Det har vore mykje kjøp og sal av geit på kryss av landet, der smitten har følgt med. Saueskabbmidd smittar ikkje over på andre dyreartar.
Saueskabbmidd er ikkje problematisk for geit, men kan gi store konsekvensar for helse, velferd og økonomi i sauehaldet. Mattilsynet går derfor breitt ut med informasjon om tiltak for å hindre smitte av sau og å redusere smitten i geitehaldet. Du kan lese brevet frå Mattilsynet her: Informasjonsskriv om saueskabbmidd (PDF, 154 kB)


Smittevern viktig!


Det er risiko for alvorleg, smittsam dyresjukdom. For å unngå å bli involvert i eit sjukdomsutbrot, er det viktig at alle småfehaldarar har gode rutine for smittevern og avgrensar livdyrkontakten til få dyrehald. Dette gjeld for både sau og geit. 

For meir informasjon kan du kontakte Mattilsynet.