Utlysing av tilskotsmidlar i området Fjellsætra - haust 2024Frivillige lag, organisasjonar og ideelle organisasjonar kan søke om tilskot til generell tilrettelegging for friluftstiltak og almenne felles folkehelsetiltak i området Fjellsætra.Døme: Tilrettelegging for turstiar, sette ut benkar eller tilrettelegge for aktiviteter i naturen. Publisert 21.08.2024 14.32 Sist endra 28.08.2024 12.47 SøknadsskjemaSøk tilskotsmidlarSøknadsfrist: 18. september 2024. Tilskot til tilrettelegging for friluftstiltak og felles folkehelseaktiviteterKommunestyret har vedteke at midlar frå utbyggingsavtalar kan nyttast til generell tilrettelegging for friluftstiltak og felles folkehelseaktiviteter i området Fjellsætra. Dette kjem i tillegg til tiltak vedteke i sak 93/16. Lenke til sak 93/16. (PDF, 72 kB)Det er søknadsfrist to ganger i året. Tilskotsgrensa vert løpande vurdert. Samla pott i 2024 er kr 350 000 og det vert tildelt inntil kr 70 000 pr. tiltak. Ordninga vert administrert av administrasjonen.Alle tildelingar skal leggast fram for formannskapet.Ordninga skal evaluerast innan utgangen av 2025. Lenkje til kommunestyresak 18/24:Utbyggingsavtalar Fjellsetra - bruk av fondsmidlar