Koronaviruset

01.04.2020 08.07

Utvida heimekarantene i Sykkylven

Utvida heimekarantene i Sykkylven

1) Alle som kjem til kommunen etter reiser i områda synt til i punkt 4 i Noreg vert ilagt  heimmekarantene i 14 dager etter dei kjem til kommunen.

2) Personar som er tilreisande frå område i punkt 4 og som ikkje har bustad/opphaldsstad i kommunen vert forbydd å opphalde seg i kommunen.

3) For personar som utviklar sjukdom eller symptom i karanteneperioden, gjeld myndigheitenes til ei kvar tid gjeldande føringar for konvertering av karantene til isolasjon.

4) Vedtaket gjeld per 16.03.2020 følgjande områder: Fylka Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Vestfold og Telemark, Innlandet og Vestland.

«For å stoppe spredning av Covid-19 og bidra til å oppretthalde naudsynte helse- og omsorgstenester gjer kommuneoverlegen mandag 16.03.2020  dette vedtaket, etter smittevernlova § 4-1

Presiseringar og begrensingar:

Transittopphald på flyhavn i desse områda vert ikkje rekna som opphald i området.

Førar og personell av vare- og passasjertransport vert unnateke fra dette vedtakets karantenekrav, men nasjonale føringar for karantene og isolasjon ved sjukdom gjeld.

Dette omfatter også personell som er naudsynt for å gjennomføre transporten.

Reisande som ikkje har symptom kan reise til planlagt opphaldsstad, men bør under reisa så langt det elt seg gjere halde avstand til andre.

Reisande med symptom skal med ein gong i isolering, og kan ikke bruke offentleg transport.

Leiing av verksemder som er opplista etter DSB sin definisjon av samfunnskritiske funksjonar vert gitt høve til å gjere unntak for eige nøkkelpersonell når dette er strengt naudsynt for å oppretthalde forsvarlig drift av kritiske samfunnsfunksjonar.

Vedtaket har verknad frå 16.03.2020 og gjeld inntil nytt vedtak er fatta.

 

Klikk for stort bilete