Vaksinering

Vaksinering

I veke 24 startar vi med prioriteringsgruppe 8(alder 55 - 64 år), desse har 12 vekers intervall. Du får ein sms når det er din tur til å bestille deg time. Du har også moglegheit til å takke nei via sms'en frå c19 dersom du ikkje ønsker vaksine. Vi kaller inn etter årstal.

Det er viktig at du berre bestiller deg time dersom du kan møte til førstkomande tysdag, og tysdag 12 veker seinare. Ein kan ikkje velje dato og klokkeslett sjølv. 

Hugs å ta med ferdig utfylt eigenerklæringsskjema  til 1.dose.

Er du i prioriteringsgruppa og ikkje har fått vaksine?

Vi understrekar at det er fastlegane som set opp prioriteringslistene. Dersom ein sjølv meiner ein tilhøyrer ei av prioriteringsgruppene 5,6 og 7, og ikkje har fått tilbod om vaksine innan 15.juni, må du ta kontakt med fastlegen din. Fastlegen din gir oss beskjed om du skal vere i risikogruppe. 

Folkeregistrert i Sykkylven kommune

Er du folkeregistrert i Sykkylven kommune etter 1.juni, ta kontakt med oss på e-post; covid19@sykkylven.kommune.no.

For meir informasjon om koronavaksinering i Sykkylven kommune, sjå informasjonssida vår;

Koronavaksinering


Klikk for stort bileteVaksinering