Varslingstest - Åknes/Tafjord beredskap tester befolkningsvarslinga fredag 15.5.

Åknes/Tafjord Beredskap IKS (ÅTB) har på vegne av kommunane langs Storfjorden ansvaret for befolkningsvarslinga ved ei eventuell skredhending.  Fredag 15.mai mellom kl. 1200 og 1400 vil ÅTB teste desse befolkningsvarslingssystema.

Har du registrert telefon på ei adresse i desse områda, eller oppheld deg i ein kommune ved Storfjorden, vil du få ei melding eller oppringing til telefonen din.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

I tillegg vil du kunne høyre at sireneanlegga rundt fjorden blir testa. Dette gjeld sireneanlegg i Stranda og Fjord kommunar, samt delar av Sykkylven kommune.

Vi oppmoder om å informere barna om denne testen på førehand.

Kommunane rundt Storfjorden er opptatt av å ha ein god beredskap dersom det skulle oppstå ei naturkatastrofe, og det er derfor viktig å teste systema. Vi håper alle innbyggarane har forståing for dette.

ÅTB vil poengtere at det ikkje er noko endring i bevegelsane i fjella, og at geologane vil kunne varsle i god tid før eit eventuelt skred vert utløyst.

Dersom du har spørsmål om varslingstesten kan du ta kontakt med Åknes Tafjord Beredskap IKS post@aknes.no   / tlf 48 50 39 88

Det vil vere mogleg å gi tilbakemelding om testen gjennom ei spørjeundersøking etterpå. Denne finn du på www.aknes.no eller her.

Bilde frå ein tidlegare test ÅTB iks