Aktuelt

26.08.2022 10.50

Velkomen til ny heimeside

Velkomen til ny heimeside

Sykkylven kommune er glad for å ynskje deg velkomen til ny side. 

Vi håper den nye sida vil vere enkel å finne fram i, og gi deg god og enkel informasjon. Vi set pris på om du nyttar tilbakemeldingsfunksjonen som du finn nedst på alle sider.

Gi oss konstruktive tilbakemeldingar - både positive og negative. Det er i samspel med dykk vi gjer sida enda betre. 

Ikkje alle funksjonar er på plass frå dag ein.  Målsetjinga er å få til meir digital kommunikasjon med innbyggjarane. Nokre moment kjem på plass når vi har ressursar til det, andre må avvente til interne system er på plass. KS Svar Ut og Inn, til dømes, kjem på plass så snart vårt nye sak/arkiv system er på plass i september. Ny løysing for søknad på ledig stilling kjem også på plass i september. Uansett - flott om du får deg ei digital postkasse snarast råd.