Veterinærvakt, første kvartal 2023Stranda og Sykkylven har i starten av det nye året utfordringar med å skaffe kontinuerleg veterinærvakt. Publisert 05.01.2023 12.09 Sist endra 05.01.2023 16.32 Mjølkekyr Mandy Häger Trass i stor innsats har vi ikkje klart å finne ei løysing på overgangen til tredelt vakt (til no: to-delt) i første del av 2023. Det vert arbeidd vidare med å løyse utfordringa, både frå kommunane og veterinærane si side. Nedanfor finn du ei oversikt (pdf) over kven av dei to veterinærane som har vakt i perioden januar- mars, og kva dagar vi manglar vakt. Oversikt over veterinærvakt for Stranda - Sykkylven veterinærvaktdistrikt. Telefonnummer dersom de ønskjer kontakt med Niek Schreijer er 926 20 095 og til Hanna Fredriksen 922 43 721. Dei helgene det ikkje er veterinær på vakt er det GENO som kjem til å køyre inseminering i Sykkylven. Dette gjeld følgjande helger: 07.01.2023 -08.01.2023 18.02.2023 -19.02.2023 11.03.2023 -12.03.2023