Vidarefører lokale karantenekrav i første omgang til og med måndag 30.mars

Kommunane Stranda, Sykkylven og Fjord har gjort vedtak om å forlenge dei karantenekrava som vart vedtatt for ei veke sidan, men opnar opp for at næringsaktørar kan søkje dispensasjon dersom karantenekrava skulle medføre store ulemper for næringsaktiviteten. Dette vedtaket gjeld i første omgang til og med måndag 30. mars. Vedtaket er grunngitt i smittevernlova og tar utganspunkt i at desse kommunane framleis er i fase 1 av epidemien. Dei tre kommunane har intensjon om å vidareføre strenge karantenekrav også vidare, men avventar nasjonale retningsliner som er venta  løpet av helga.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

Sykkylven kommune sitt vedtak av 27.03.20

«For å forsinke spreiing av Covid-19 og bidra til å oppretthalde naudsynte helse- og omsorgstenester gjer kommuneoverlegen laurdag 21.03.2020 følgjande vedtak, etter smittevernlova § 4-1, første ledd, bokstav d::

1) Alle som kjem til kommunen etter reiser i områda synt til i punkt 4 i Noreg vert ilagt  heimekarantene i 14 dager etter dei kjem til kommunen.

2) Personar som er tilreisande fra område i punkt 4 og som ikkje har bustad/opphaldsstad i kommunen vert forbydd å opphalde seg i kommunen.

3) For personar som utviklar sjukdom eller symptom i karanteneperioden, gjeld myndigheitenes til ei kvar tid gjeldande føringar for konvertering av karantene til isolasjon.

4) Vedtaket gjeld per 16.03.2020 følgjande områder: Fylka Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Vestfold og Telemark, Innlandet og Vestland.

 

Unntatt for desse restriksjonane er:

  1. Transittopphald på flyhavn i desse områda vert ikkje rekna som opphald i området.
  2. Opphald på plattform med påfølgande heimreise vert ikkje rekna som opphald i område nemnt i punkt 4.
  3. Førar og personell av vare- og passasjertransport vert unnateke fra dette vedtakets karantenekrav. Dette omfattar også personell som er naudsynt for å gjennomføre transporten.
  4. Leiing av verksemder som er opplista etter DSB sin definisjon av samfunnskritiske funksjonar vert gitt høve til å gjere unntak for eige nøkkelpersonell når dette er strengt naudsynt for å oppretthalde forsvarlig drift av kritiske samfunnsfunksjonar. Slike unntak kan gjerast av verksemda si leiing, utan involvering av kommunen. 
  5. Det er tillatt med overnatting på hotell for personar som ikkje har privat bustad/opphaldstad. Personar som ikkje er omtalt under bokstav c og d, er imidlertid omfatta av karantenebestemmelsane.

 

Personar står fritt til å reise ut av kommunen. Personar står også fritt til å bevege seg mellom kommunar i fylket og mellom fylke som ikke er nemnt i punkt 4.

Næringslivsbedrifter kan søkje Sykkylven kommune om dispensasjon frå innreiserestriksjonane dersom dette vert sett på som absolutt nødvendig for å oppretthalde drift av verksemda. Personane ein søkjer unntak for, må vere friske/symptomfrie. Søknad sender du til korona@sykkylven.kommune.no

Vedtaket har verknad frå 28.03.2020 og gjeld til og med 30.03.20.