Vik barnehage vert lagt ned frå 1. august 2021

Vik barnehage vert lagt ned frå 1. august 2021

Kommunestyret har gjort vedtak om å legge ned Vik barnehage frå førstkomande haust. Samtidig gjekk eit fleirtal på 16 mot 13 røyster inn for at drifta ved Tandstad barnehage skal bevarast.

I sitt framlegg gjekk kommunaldirektøren inn for å legge ned både Vik og Tandstad barnehage. Dette med bakgrunn i overkapasitet av barnehageplassar i kommunen, lave søknadstal til barnehagane og prognosar frå SSB for komande fødselstal. Det vart også vist til kommunen sitt budsjett for 2021 og vedteken økonomiplan for 2021-2024. Dette viser at kommunen står i ein vanskeleg økonomisk situasjon med krav om krevjande innsparingar. Nedlegging av dei to barnehagane var anslått til å gi ei årleg innsparing på over 4,5 million kroner.

 

Vik barnehage vart etablert i 1992 og har i dag 22 barn. Desse barna vil bli prioritert framfor dei som har søkt ved hovudopptaket, når plassane for hausten skal tildelast.

 

Tandstad barnehage vart altså freda, men kommunestyret oppmodar administrasjonen om å vurdere om denne barnehagen kan organiserast som ei avdeling under ein annan kommunal barnehage for å spare kostnadar. Tandstad barnehage ser ut til å få 10 barn frå hausten av.

 

Administrasjonen skal også omgåande starte ein omstillingsprosess for dei tilsette i dei kommunale barnehagane i Sykkylven, og sørge for at tilsette sine rettar knytt til lover og avtalar i samband med nedbemanning/omplassering blir ivaretatt gjennom gode og involverande prosessar. Administrasjonen fekk også i oppdrag å utarbeide ei barnehagemelding som skal danne grunnlag for kommunestyret til å drøfte barnehagesituasjonen i Sykkylven på brei basis.