Viktig å hugse på vaksinasjonsdagen

Viktig å hugse på vaksinasjonsdagen

  • Når du får innkalling til vaksinasjon er det svært viktig at du kan møte til både dose 1 og dose 2. Intervallet mellom 1. og 2. dose skal vere 6 veker, og kan kun endrast ved medisinske årsaker. Reiser er ikkje gyldig grunn til endring av intervall.
  • Ta med ferdig utfylt eigenerklæringsskjema. Eigenerklæringsskjema finn du her.  Har du ikkje moglegheit til å skrive ut skjema, kan du hente det ved servicetorget før vaksinasjonsdagen.
  • Av omsyn til smittevern ber vi deg møte presis, ikkje for tidleg. 
  • Du må ha på deg munnbind ved oppmøte.
  • Du skal ikkje møte opp på vaksinasjonsdagen dersom du har forkjølingssymptom, ventar på svar på koronatest, eller er i isolasjon, karantene eller ventekarantene. 

Frå mandag 3.mai vert det endring i intervall mellom 1. og 2. dose for personar under 65 år utan underliggande sjukdom. 

Den første  - Klikk for stort bileteKoronavaksine Buas Lillian Urtegård