Feiing
Sjå Forskrift om gjennomføring av gebyr for lovbestemt feiing og tilsyn med fyringsanlegg, Sykkylven kommune, Møre og Romsdal
Lokal forskrift - § 8 Gebyrfritak
Etter søknad kan kommunen gi fritak frå gebyrplikta i § 6 dersom eldstad vert fråkopla og røykkanalen vert blenda på forsvarleg vis. Eigaren må dokumentere at eldstaden er fråkopla og røykkanalen er blenda. Fritaket tek til å gjelde når kommunen har motteke dokumentasjonen.
Eigar pliktar å gi melding til kommunen når eldstad vert kopla til igjen og svarar gebyr frå same tidspunkt.
Vert ein bustad eller eit byggverk totalskadd som følgje av brann, uvær eller liknande, gir det rett på fritak for gebyrplikta i § 6.
SlamEit vedtak i denne saka er bygd på «Forskrift om hushaldsavfall og slam i Ålesundregionen» for den kommunen eigedomen er plassert i. Del 3 i forskrifta omhandlar reglar om slam og især i § 10 om tømmefrekvens står det:
a) Slamanlegg skal tømmast når det er nødvendig.
b) Alle slamanlegg skal tømmast minimum annakvart år dersom det er tilknytt heilårsbustad og minimum kvart fjerde år dersom det er tilknytt fritidsbustad, eller heilårsbustad nytta som fritidsbustad. Tette tankar skal tømmast minimum kvart år.
c) Abonnentane har høve til å tinge oftare tømming mot betaling.
d) Kommunen kan i einskilde høve fastsette annan tømmefrekvens, til dømes for minirenseanlegg.
Vass- og avløpsgebyr
Gebyrfritak frå årsgebyr (ref. forskrift om vass- og avløpsgebyr, Sykkylven kommune § 5-4)
Kommunen kan etter søknad gi heilt eller delvis fritak for årsgebyr dersom særlege grunnar tilseier det. Følgande vert rekna som særlege grunnar:
- Heimelshavar flyttar på institusjon og bustaden vert ståande tom.
- Gebyrpliktig bueining eller bygg vil stå tom i meir enn 6 månader.
- Gebyrpliktig bueining eller bygg står til nedfalls
- Force majeure tilfelle, til dømes brann og uvær som gjer at bustad eller bygg ikkje kan nyttast etter sitt føremål.
Fråflytting, eller fråvær frå bueining eller bygg i mindre enn seks månader, gir ikkje rett på gebyrfritak.
Etter strekpunkt 1 og 2 er det i tillegg ei føresetnad at vassinntak til eining vert plombert. Plombering skal gjennomførast av røyrleggjar. Utgiftene til plombering vert dekt av den som får fritaket. Fritaket tek til å gjelde frå den dagen meldinga frå røyrleggar er motteken av kommunen.
Etter strekpunkt 3 og 4 er det i tillegg ei føresetnad at stikkledning er fråkopla(plugga) ved hovudleidning. I desse tilfella må også arbeidet utførast av røyrleggar. Den som får fritaket ber utgiftene. Fritaket tek til å gjelde dagen meldinga frå røyrleggar er motteken av kommunen.
Dersom eit av tilfella nemnt i første ledd ikkje lengre ligg føre, eller plomberinga er fjerna, vil fritaket opphøyre. Abonnenten svarar gebyr etter dei satsane som gjeld på tidspunktet når fritaket tek til å opphøyre.
Her kan du lese heile forskrifta
NB! Denne søknaden gjeld berre slamtømmeordninga, feiing og vatn- og avløp. Om du skal endre renovasjon må du ta kontakt med ÅRIM.