Kommunereforma

Kommunereforma

Forhandlingar mellom Sykkylven kommune og Stranda kommune.

Informasjon om aktivitetar vert lagt ut fortløpande. Nyaste aktivitet står øverst.

Ny intensjonsavtale

Forhandlingsutvala til Stranda og Sykkylven hadde første forhandlingsmøte om ny intensjonsavtale 16.august 2019.

 
Neste forhandlingsmøte er 26.august kl 08.00 på Stranda rådhus. 

_____________________________________________________________________

Kva skjer med arbeidsgivaravgifta ved kommunesamanslåing?

Fylkesmannen viser til eit innlegg på KS sine nettsider som svar på spørsmålet.  I korte trekk er svaret at kommunane får vidareført sitt avgiftsnivå fram til 31.desember 2020, sjølv om ein slår saman kommunane før den tid. Frå 1.januar 2021 vil den nye kommunen bli handsama som ein kommune, og utfallet av nye satsar er enno ikkje klart. I og med at ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift skal reforhandlast med verknad frå 1.1.2021, er resultatet like uvisst anten ein slår saman kommunane eller ikkje. Det same gjeld kommunar som slår seg saman lengre fram i tid. 

____________________________________________________________________

Felles kommunestyremøte med Stranda 27.juni 2019

Den 27.juni 2019 var det eit felles arbeidsmøte for begge kommunestyra. 

 

___________________________________________________________________

Forhandlingsutval 

Sykkylven kommunestyre vedtok den 27.08.2018 å ta opp att drøftingar med Stranda kommune om samanslåing. Stranda kommunestyre gjorde tilsvarande vedtak den 26.09.2018. 

Begge kommunane sette ned forhandlingsutval der alle politiske partia er representert. 

Fram mot kommunevalet er det eit mål å lage eit best mogleg utkast til ny intensjonsavtale, som  dei nye kommunestyra kan arbeide vidare ut frå.

Det skal vere ein open prosess. Det er politikarane som forhandlar, men tillitsvalde og rådmenn i begge kommunane vil følgje forhandlingane.

Medlemmar i Sykkylven kommune sitt forhandlingsutval og organisering av forhandlingane går fram av vedtak i kommunestyret den 17.06.2019.