Kommunestyre- og fylkestingsval 2019

Kommunestyre- og fylkestingsval 2019

Datoen for valet er 9. september.

Tidleg- og førehandsrøysting

På Servicetorget på rådhuset kan ein røyste før valdagen 9. september:   

  • Tidlegrøysting startar 1. juli
  • Førehandsrøysting startar 10. august 

Det vert også høve til å førehandsrøyste på BUAS torsdag 29. august kl. 10:30 - 13:00. 

 

Ambulerande røysting (heimerøysting)

Ein kan søkje kommunen om å røyste heime i førehandsrøysteperioden. Det er tilstrekkeleg å søkje via telefon til 70 24 65 00 eller e-post til postmottak@sykkylven.kommune.no.

Søknadsfrist er måndag 2. september.

 

Valting 9. september

Valkrinsarne Aure, Tandstad og Sørestranda vert opne frå kl. 10:00 til 20:00 på valdagen. 

  • Aure krins: Sykkylven kulturhus
  • Tandstad krins: Vaarvon
  • Sørestranda krins: Sørestranda skule

 

Valkort og legitimasjon

Vi nyttar elektronisk manntal, og oppmodar alle om å ta med seg valkortet som vert tilsendt. Hugs også å ta med legitimasjon. 

 

Valstyret

Valstyret har følgjande medlemmer: 

  • Odd Jostein Drotninghaug (SP) - leiar 
  • Anne Karin Watters (AP) - nestleiar 
  • Hans Petter Sørensen (AP)
  • Birgitte Bonesmo (H)
  • Petter Lyshol (H)
  • Anita Vollstad (FRP)
  • Olav Harald Ulstein (FRP) 
  • Kanutte Roald (V) 
  • Odd Arne Eidem (KRF)

Meir informasjon om valet

Valgdirektoratet har utfyllande informasjon om kommunestyre- og fylkestingsvalet. 

 

Val 2019