Informasjon til partia om innsending av listeforslagKorleis gå fram for å sende inn listeforslag til kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023. Publisert 15.02.2023 11.16 Sist endra 13.03.2023 13.45 Nytt i 2023 om korleis sende inn listeforslag Det er oppretta ein eigen listeforslagsportal der parti og grupper som ønskjer å stille liste ved kommunestyrevalet 2023 kan oppføre listekandidatar, underskive og levere listeforslag elektronisk. Alle parti vert oppmoda om å bruke den nye listeforslagsportalen. Den er oppretta for å gjere prosessen enklare – men følgjer same regelverk og fungerer på same måte som ved innlevering av lister på papir. Ved å bruke listeforslagsportalen vil riktig val/valår/kommune kome opp automatisk når det vert sendt inn via løysinga. Lenke til listeforslagsportalen Om partiet likevel vil levere på papir som tidlegare: Her finn du mal for listeforslag og vedlegg for innlevering av listeforslag på papir. Fristar Frist for å levere listeforslag er fredag 31.mars kl 12.00. Posten må vere kome fram, eller listeforslaget må vere levert, innan fristen fredag 31.mars kl. 12.00. Fristen er absolutt. jf. valgloven § 6-1, (1) Listeforslag og vedlegg må leverast på Servicetorget i Rådhuset eller pr. post til Sykkylven kommune, Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven. Ved innlevering på papir er det ikkje nok at listeforslaget er poststempla innan fristen viss ein vel å sende det inn pr. post. Forlaget må vere kommunen i hende innan 31.mars kl. 12. Fristen for å trekke tilbake ein listeforslag er torsdag 20.april 2023 kl. 12.00 (innlevert listeforslag kan kallast tilbake av tillitsutvalet, jfr. valgloven § 6-5. Sjølve listeforslaget Det er nok at forslaget er underkrive av to styremedlemmer i lokalpartiet med ansvar for innlevering av listeforslag i Sykkylven. Reglane om antal underskrifter finn du i valgloven § 6-3 (1). Når det gjeld kven som blir nominert/oppført på listeforslaget, er det viktig å vere klar over at alle har rett til å krevje seg fritatt frå val (må gi ei skriftleg erklæring om dette etter at forslaget er innlevert og innformasjon om oppføringa er sendt ut av valsekretariatet) Les om dette i valgloven § 3-4. Partinamn i listeforslaget Overskrifta skal vere namnet på partiet eller gruppa som leverer forslaget. Registrerte parti må ha det namnet som er registrert i Partiregisteret som overskrift. Det skal IKKJE stå Sykkylven + «partinamn» i overskrifta. Regelen for dette finn du i valgloven § 6-1 (2) bokstav b. Antal listekandidatar Listeforslaget ved kommunestyrevalet skal vere utfylt i rekkefølge med minimum 7 og maksimum 35 kandidatnamn. Jf. valgloven § 6-2 (2). Merk følgjande: Dersom listeforslaget skal leverast inn på papir må det skrivast ut to-sidig, slik at signaturen til underskrivar 1 og 2 kjem på baksida. (det er ikkje anledning til å levere listeforslaget i to adskilte ark) (Viss du har ein skrivar som ikkje skriv ut tosidig kan dei to tillitsvalde kan skrive dei same opplysningane (fornamn, etternamn, fødselsdato, adresse) med BLOKKBOKSTAVER og underskrive på den blanke baksida av listeforslaget.) Dersom ein kandidat ikkje er innført i folkeregisteret som busett i Sykkylven når listeforslaget blir innlevert, må det ligge ved ei erklæring frå kandidaten om har vedkomande vil vere valgbar på valdagen, altså har registrert flytting til kommunen. Jf. valgloven § 6-4 bokstav c. Ved kommunestyreval kan inntil 6 kandidatar gjevast eit stemmetillegg. Kandidatar med stemmetillegg skal stå med utheva skrift eller store bokstavar øvst på listeforslaget. Kva skal stå på listeforslaget? Det må stå kva val det gjeld. Det skal stå; Kommunestyrevalet 2023 i Sykkylven Om reglar for partinamn – sjå eige punkt (Registrerte parti må ha det namnet som er registrert i Partiregisteret som overskrift. Det skal IKKJE stå Sykkylven + «partinamn» i overskrifta.) Kandidatane skal vere oppført med: Fornamn, etternamn og fødselsår. Kandidatane som stiller til val må vere ført opp på listeforslaget i rekkefølge. Kandidatane kan ikkje stille til val for fleire parti eller grupper til same valet. Sjå valgloven § 6-1 og § 6-2 Vedlegg til listeforslaget I tillegg til listeforslaget skal det leverast inntil fire vedlegg Dette er mellom anna: Oversikt over kandidatane sin fødselsdato Oversikt over fødseldato og adresse til dei som har skrive under listeforslaget Sjå utfyllande informasjon om vedlegg i valgloven § 6-4. M.a. om valgbarheit m.m. Oppretting og utfylling av vedlegg er også tilgjengeleg i listeforslagsportalen (aktuelle vedlegg blir automatisk produsert og sendt til kommunen når listeforslaget blir levert elektronisk) Merk følgjande: Dersom listeforslaget skal leverast inn på papir må det skrivast ut to-sidig, slik at signaturen til underskrivar 1 og 2 kjem på baksida. (det er ikkje anledning til å levere listeforslaget i to adskilte ark) (Viss du har ein skrivar som ikkje skriv ut tosidig kan dei to tillitsvalde kan skrive dei same opplysningane (fornamn, etternamn, fødselsdato, adresse) med BLOKKBOKSTAVER og underskrive på den blanke baksida av listeforslaget.) Kontroll av listeforslaget før innsending Dersom du ønsker det vil du som forslagsstillar kunne få kontrollere/sjekke listeforslaget mot manntalet. Då må du kontakte valsekretariatet i god tid før innleveringsfristen. Ved å sjekke alle opplysningar knytt til alle foreslåtte kandidatar mot folkeregisteret vil ein få "vaska bort" det som eventuelt ikkje stemmer med manntalet. Rettleiing frå Valdirektoratet På sidene til Valdirektoratet finn du informasjon om listeforslag. om stille til val oppretting/innlevering av listeforslag Godkjenning av vallistene Når listeforslaget er mottatt og kontrollert - og etter at fristen for å trekke forslaget er ute (20. april) - vil valsekretariatet sende varsel til alle foreslåtte kandidatar med ein kort frist for å eventuelt trekke kandidaturet sitt. Når fristen for å be seg fritatt er ute, blir det lagt fram ei sak til valstyret om endeleg godkjenning av listeforslaget. Kontaktinformasjon til valansvarleg Ta gjerne kontakt med valansvarlege ved spørsmål: Synnøve Hunnes synnøve.hunnes@sykkylven.kommune.no Tlf. 90140282 Torill Olin Skjeret torill.skjeret@sykkylven.kommune.no Tlf. 94854179