Kommunestyre- og fylkestingsval 2023

Dato for valdagen er måndag 11.09.2023. Vallokala er opne frå kl. 10.00 - 20.00

På valdagen kan du kun stemme i den kommunen du er folkeregistert pr. 30.06.2023. 

Vallokale: 

I desse lokala kan du stemme på valgdagen: 

Sykkylven kulturhus - kl. 10.00 - 20.00.
Sørestranda skule, gymsal - kl. 10.00 - 20.00.
Ungdomshuset Vaarvon - kl. 10.00 - 20.00.

Lenke til:  adresser til vallokala.

 

Førehandsstemming 

Det er også høve til tidlegførehandsstemming i perioden 03.07 - 09.08.2023 på Servicetorget. Avtal tid på førehand.  Tlf. 70 24 65 00.

Også ved dette valet rår vi til at alle som kan og ønskjer det bruker muligheita til å førehandsstemme. Det vil lette trykket på vallokala på valdagen, og du kan unngå kø. 

Førehandsstemminga startar frå 10.08 og varer til 08.09.2023. I denne perioden kan du førehandsstemme i heile landet.

Sykkylven bibiotek  - 10.08.-08.09.2023.

Servicetorget  - 10.08.-08.09.2023.

BUAS - 29.08.2023.

Lenkje til valg.no