Stortings- og sametingsval 2025Valdagen er måndag 8. september 2025.Du kan førehandsstemme frå 11. august til 5. september. Det er også mogleg å tidlegstemme frå 1. juli til 8. august, dersom du ikkje har moglegheit til å stemme i den ordinære perioden for førehandsstemming eller på sjølve valdagen. Publisert 29.04.2025 13.22 Sist endra 27.06.2025 10.08 Den ordinære stemmeperiodenFørehandsstemming: 11. august - 5. september Valdagen: 8. september Kven har stemmerett? Du har stemmerett dersom du:er norsk statsborgar har fylt 18 år innan utgangen av 2025 er, eller har vore, registrert i folkeregisteret som bosatt i NorgeTidlegstemming Om du ikkje har moglegheit til å stemme i den ordinære perioden for førehandsstemming eller på sjølve valdagen, kan du frå 1. juli til 8. august tidlegstemme. Må du tidlegstemme i Sykkylven kommune, ta kontakt med servicetorget for å avtale tid:E-post: servicetorget@sykkylven.kommune.no Telefon: 70 24 65 00Du kan tidlegstemme frå 1. juli til 8. august. Husk legitimasjonNår du skal stemme må du ha med legitimasjon med bilde, til dømes pass, førarkort eller bankkort.