Berekraftkartlegging i Sykkylven

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

Nøkkelindikatorar for Sykkylven

Sykkylven kommune deltek i fylkeskommunen sitt prosjekt Berekraftsfylket Møre og Romsdal. Prosjektet kartlegg  berekraftstatus etter ein metode som er ein del av FN-programmet U4SSC - United for Smart Sustainable Cities. 

Kommunerapport for Sykkylven finn du her. (PDF, 531 kB) 

Kartlegginga er ei såkalla KPI-analyse (Key Performance Indicators, eller nøkkelindikatorar), med 92 indikatorar som måler status på berekraft i den enkelte kommune. Kartlegginga byggjer på FN sine berekraftsmål og dei tre hovuddimensjonane sosial berekraft, økonomisk berekraft og miljømessig berekraft.   Meir om fylkesprosjektet og samlerapport for fylket finn du her. 

 

 

 

 

Kommunebarometeret 

Kommunal Rapport lagar kvart år Kommunebarometeret, der kommunane vert vurdert og rangert på ulike områder.  Tabellen under viser tilstand og utvikling innanfor elleve indikatorar som vert nytta under omgrepet Miljø.

 

Elevkartlegging

Elevar ved Sykkylven vgs gjennomførte våren 2021 ei spørreundersøking om kva berekraftmål som var viktigast for folk. Undersøkinga fekk fram interessante svar som er nyttige innspel i kommunen sitt berekraftarbeid. Presentasjonar frå undersøkinga finn du her:  Berekraftkartlegging gjennomført av elevar ved Sykkylven vgs, mai 2021 (PDF, 937 kB)

 

Statistisk sentralbyrå (SSB)

For oversikteleg informasjon på nasjonalt nivå presenterer SSB mykje data på ei eiga berekraft-side:

Indikatorer for bærekraft.