FNs berekraftsmål

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

FNs berekraftsmål er verda sin felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, bekjempe ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030.

FNs berekraftsmål består av 17 mål og 169 delmål. Les meir om måla og delmåla her.  Måla vart laga på ein demokratisk måte gjennom innspel frå land over heile verda og nesten ti millionar menneske fekk sagt si meining gjennom ei spørreundersøking. 


For å nå måla må ein arbeide både lokalt, nasjonalt og globalt.

 

FNs bærekraftsmål gjeld alle land i heile verda, både rike og fattige. Måla har stor innverknad på norsk politikk - både i kommunar og lokalsamfunn og nasjonalt. Statsminister Erna Solberg leiar FN si pådrivargruppe for berekraftsmåla.

Regjeringa har bestemt at FNs 17 berekraftmål, som Norge har slutta seg til, skal vere det politiske hovudsporet for å ta tak i dei største utfordringane i vår tid, også i Norge. Det er derfor viktig at berekraftmåla blir ein del av grunnlaget for samfunns- og arealplanlegginga.

Sjølv om mange av måla allerede er oppfylt i Norge, gjenstår mykje arbeid også her heime. 

Regjeringa legg vekt på at vi står overfor fire store utfordringar:

- Å skape eit berekraftig velferdssamfunn

- Å skape eit økologisk berekraftig samfunn gjennom blant anna ein offensiv klimapolitikk og ei forsvarleg ressursforvalting

- Å skape eit sosialt berekraftig samfunn

- Å skape eit trygt samfunn for alle

 

Regionale og lokale myndigheiter har sentrale oppgåver med å handtere disse utfordringane. Det gjeld alle kommunar, uavhengig av størrelse og kompetanse. Planlegging er eit av det viktigaste verktøyet deira. 

Kommuneplanen, med samfunnsdelen og arealdelen, er det sentrale politiske styringsdokumentet i kommunen. Her legg kommunestyret viktige føringar for framtidig utvikling. Gjennom å koble lokale mål, strategiar og tiltak til dei globale berekraftsmåla, kan ein gjere Sykkylven meir berekraftig. Tenke globalt, handle lokalt.

 

Tre berekraftsdimensjonar

Berekraftsmåla ser miljø, økonomi og sosial utvikling (samfunn/menneske) i samanheng og inneber at vi må tenke heilskapleg når vi skal løyse framtidas utfordringar.

 

 

Økonomisk berekraft
Kommunen er avhengig av auke i folketal og arbeidsplassar for å sikre eit godt tenestetilbod og god økonomisk berekraft. Arbeidet med å sikre vekst og attraktivitet heng saman med kommunen si evne til å utnytte dei moglegheitene som Sykkylven har som attraktiv bukommune med eit aktivt næringsliv, gode arbeisplassar og nærleik til eit regionalt arbeidsmarknad. 
Sykkylven kommune si økonomiske berekraft vil og vere avhengig av god og effektiv drift av tenester, innovasjon, digitalisering og evnen til å gjere dei rette prioriteringane.

Sosial berekraft – Samfunn/menneske
Sosial berekraft handlar om å sikre innbyggarane gode liv, livskvalitet og menneskeverd, og å skape eit samfunn prega av tillit, tryggheit, tilhøyrigheit og tilgang til goder som arbeid, utdanning og gode nærmiljø. Kommuneplanen er eit viktig verktøy for å legge til rette for ei sosialt berekraftig samfunnsutvikling.

Undersøkingar viser at mange tykkjer kommunen er ein god og trygg stad å bu, og dei aller fleste innbyggarane har eit godt tenestetilbod og har store moglegheiter til å leve gode og meiningsfulle liv. 
Kommunen må likevel arbeide for å skape eit inkluderande, trygt og godt samfunn for alle innbyggarane.
Til liks med mange andre kommunar, står Sykkylven overfor store utfordringar knytt til forventa demografiske endringar. Stor auke i gruppa over 80 år vil utfordre kommuneøkonomien, rekruttering av fagfolk og organisering av tenestetilbod.

Miljømessig berekraft
Sykkylven kommune må ta sin del av ansvaret for å skape eit klima- og miljømessig berekraftig framtid. Vi må sette inn tiltak for å avgrense klimaendringar, og tilpasse oss dei endringane vi ikkje kan stoppe. Miljømessig bærekraft handler også om Sykkylven kommune sitt ansvar for å forvalte det lokale økologiske- og biologiske mangfoldet vi har. I vårt arbeid med å skape vekst og økonomisk bærekraft må vi sørge for at ressursane vert nytta på ein god måte gjennom berekraftig forbruk og produksjon.